Slutt for Bjelleklang

I januar flytta Bjelleklang inn i Eidsgata, men no er det slutt for klesbutikken.

Det er mørkt og tomt i butikken der Bjelleklang heldt til.   Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

I midten av januar vart det klart at Bjelleklang hadde starta opp i Bergset og Vestitur sine gamle lokale i Eidsgata. Carlos Montero fortalde til Fjordabladet i januar at kona Karoline Castro Grijalba skulle kome å drive butikken i starten av februar. No ser det ut til at det er slutt på den nye klesbutikken Bjelleklang, som allereie har pakka ned skilt, utstillinga i vindauget og inne i butikken.


Ny butikk i Eidsgata

Måndag opna den nye butikken Bjelleklang dørene i Eidsgata sør.