Klimaengasjerte ungdommar deltok på konferanse

Torsdag var politikarar, næringslivet og ungdom samla i Operahuset Nordfjord då klimakonferansen «Operasjon Nullutslepp: Kva kan vi gjere lokalt» gjekk av stabelen.

KLIMAENGASJERT GJENG: Elevane Åsne Hanebrekke (t.v.), Elisa Endal Andersson, Iver Flyum Bjørlo, Andreas Abildsnes, Eskil Starheim og Theo Takserman-Skinlo (t.h.) heldt føredrag under klimakonferansen. Dei hadde også med ei redesigna t-skjorte til ordførar Alfred Bjørlo.   Foto: OLIN MARIA YRI

Nyhende

– Vi var litt nervøse, men det gjekk bra. Vi fekk fram det vi skulle, seier Andreas Abildsnes, som var blant ungdommane frå første klasse studiespesialiserande som stod på scena torsdag.