Vegarbeid med livet som innsats

I Ervikskorane skjedde det 5. mars 1924 ei stygg ulukke under vegarbeid på vegen mellom Kjølsdalen og Ervik.

VEGARBEIDARAR FRÅ KJØLSDALEN ANNO 1911: Fremst f.v. Jonas Horn (1893-1973), Per Hatlegjerde (1894-1963), Rasmus Bakke (1892-1956), Rasmus Bruvoll (1893-1924), Peder Gilleshammer (1888-1968). Bak f.v. Jonas Humborstad (1891-1952), Kristoffer Rutledal (formann) (1877-1961), 3, 4,5 ukjende, Jørgen Kjøllesdal (1889–1911) UKJEND FOTOGRAF 

Nyhende

Rasmus Bruvoll og Peder Gilleshammer dreiv med muring i sjøkanten, då ei steinblokk trefte dei, og dei hamna i vatnet. Rasmus var symjedyktig, men han var så hardt skada at han drukna. Peder berga livet ved å halde seg fast i tanga på berget til hjelpa kom. Dei sokna etter liket av Rasmus, og han blei funnen på ei fjellhylle på 80 famnars djup. Han vart gravlagd på kyrkjegarden på Davik.