Maratonløp nummer 600 er fullført

Inge Asbjørn Haugen sprang i går sitt maratonløp nummer 600 på Bislett.

Ingen skulle vere i tvil om at Inge Asbjørn Haugen sprang sitt løp nummer 600..  Foto: Privat

Nyhende

For godt og vel fire og eitt halvt år sidan sprang han det 500. løpet på heimebane på Hornindalsvatnet Maraton.

Inge Asbjørn har sprunge langt, sidan han sprang sine første 42.195 meter lange løp som 31. åring. Rundt rekna for 35 år sidan. 35 år og 600 løp. Det blir sånn cirka 17 løp i året.

−Det meste eg har sprunge på eitt år er 29 løp. Det var tilbake i 2003, fortel «maratonmannen» til Fjordabladet.


Eg er sprintar av legning

Når det gjeld løp, uansett distanse, så er nok det beste resultatet mitt 24;37 (elektronisk tid) på 200 meter. Eigentleg er eg sprintar av legning.