Varslar om ekstremt høg vass-stand  

Kan bli høgare enn under Didrik

Farevarselet er oppgradert til raudt nivå, som varslar fare for ekstremt høg vass-stand for Vestlandet sør for Stad. Det har allereie i dag vore høg vass-stand på Nordfjordeid. Natt til tysdag kan det bli betydeleg høgare.   Foto: Thorleif Jakobsen

Nyhende

Meteorologisk institutt (Met) varslar om ekstremt høg vass-stand, raudt nivå, 10. og 11. februar for Vestland.

Varsel for strekninga Åna Sira til Stad: Natt til tysdag er det venta ekstremt høg vass-stand, estimert 80-100 cm over høgde oppgitt i tabellane for tidevatn.

Den høge vass-standen er ein kombinasjon av høgt tidevatn og oppstuving av vatn som følgje av vind mot kysten og lågt trykk.

Vass-standen vil vere høgst natt til tysdag mellom klokka 23.00 og klokka 03.00, og Met forventar at vass-standen vert høgare enn under ekstremvêret Didrik i januar.


Høg vass-stand på Nordfjordeid i dag

Thorleif Jakobsen har teke seg ein runde med fotoapparatet sitt i dag for å dokumentere den høge vass-standen.