Køyrde på hjort og i fjellvegg

Nyhende

Klokka 06.44 i dag tidleg fekk politiet melding om ei trafikkulukke på fv. 5742 ved Blaksettunnelen i Stryn. Meldinga gjekk ut på at ein bil hadde køyrt på ein hjort og vidare inn i ein fjellvegg. Føraren klaga over smerter i ein fot. Ambulanse kom til staden, og bilføraren vart køyrt til legevakta på Nordfjordeid. Det var mindre skadar på bilen, han er no fjerna og vegen er open.