Årøen skal leie Vestland Venstre

På fylkesårsmøtet for Vestland Venstre på Voss vart det laurdag valt nytt styre.

Åsta Årøen er valt som leiar av Vestland Venstre.  Foto: Alfred Bjørlo

Nyhende

Ny leiar er Åsta Årøen frå Bergen. Ho var inntil nyttår leiar av Hordaland Venstre.

Med seg i styret får Årøen tidlegare leiar i Sogn og Fjordane Venstre, Jan Henrik Nygård frå Kinn som første nestleiar. Vidare består styret av andre nestleiar Agnes Hoshovde Bernes frå Alver og styremedlemmene Geir Angeltveit, Stord, Jo Lerheim, Bergen, Elizabeth Toft Erichsen, Øygarden og Åge Avedal, Sunnfjord.

Voteringa gjekk føre seg utan kampvoteringar, og styret har god breidde i geografi, alder og kjønn. Det nye styret gleder seg til å bygge Vestland Venstre som ein leiande grøn region.

Varalista ser slik ut:: Jon Frogner, Stad, Njaal Neckelmann, Bergen, Alf Helge Greåker, Bømlo og Irene Storøy, Bremanger.