Trafikkuhell ved Sindretjønna

Nyhende

Klokka 21.57 fekk politiet melding om eit trafikkuhell ved Storelva og Sindretjønna på Rv 15 i Stryn. Det var berre ein bil involvert. Føraren har fått tilsyn av helsepersonell og skal vere uskadd. Bilen er fjerna og vegen er open for normal trafikk. Politiet melder om at det var glatt på staden der uhellet skjedde.

Avisa Fjordingen skriv at det var såpeglatt på staden og at sjåføren mista kontrollen over bilen som hamna i grøfta.