Tilbakeblikk på ølpolitikk

Fjordabladet har sett nærare på ølhistoria i Eid og ikkje minst det siste store ølslaget då ølmonopolet fall.

REDNINGSSKØYTA: Hansabilen var eit fast innslag på Almenningen kvar fredag gjennom mange år. FOTO: Peder Sørland. 

Nyhende

For første gang på 16 år skjer det ei endring og liberalisering av ølpolitikken i tidlegare Eid kommune. Opningstidene i butikkane på Eid vert no truleg utvida, når opningstidene i Stad kommune skal samordnast. Omsetning av alkohol har vore eit stridstema i politikken både sentralt og ikkje minst lokalt opp gjennom historia. Når det gjeld øl så er det lokalpolitikarane som har hatt det siste ordet for omsetningsformer og reglar om salstider med meir. Dersom vi går eit halvt hundre år tilbake i tid, då heimebrygging og heimebrenning var meir utbreidd, var det berre det alkoholsvake lagerølet det var fri omsetning på. No til dags er det fritt sal av øl i skatteklasse II i alle daglegvarebutikkar, med ei kosmetisk avgrensing av salstidene i gamle Eid kommune.