Stad skal lage ny rusmiddelpolitisk handlingsplan

  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

I dag har butikkane i Selje og Bryggja ølsal til kl. 20.00 på kvardagar og 18.00 på laurdagar, og i Eid til kl. 18.00 på kvardagar og kl. 16.00 på laurdagar.

Etter kvart kommuneval skal det nye kommunestyret vedta ein rusmiddelpolitisk handlingsplan som skal gjelde for fireårsperioden.

Konstituert leiar for lokal samfunnsutvikling i Stad, Hanne Marie Utvær er leiar for ei gruppe som skal utarbeide framlegg til ny rusmiddelpolitisk handlingsplan for Stad kommune. Ho opplyser at det vert lagt opp til god medverknad av involverte partar om planen.

Handlingsplanen, som mellom anna skal innehalde reglar for salstider for ølsal i butikk og skjenketider, skal vedtakast politisk av det nye kommunestyret, truleg i juni.

Dei som sel øl og anna alkoholhaldig drikke må søkje på nytt kvart 4. år, og fram til ny plan er vedteken, så gjeld dei løyva som dei har fått.

Også når det gjeld ambulerande løyve, vil ein fram til den nye planen er vedteken, gje løyve etter regelverket som dei siste fira åra har vore gjeldande i høvesvis Eid, Vågsøy og Selje.


Tilbakeblikk på ølpolitikk

Fjordabladet har sett nærare på ølhistoria i Eid og ikkje minst det siste store ølslaget då ølmonopolet fall.