Jord-, sørpe- og flaumskredfare og fare for kraftige vindkast

Det er sendt ut varsel om jord-, sørpe- og flaumskredfare, gult nivå for heile Vestland fylke. Det er også fare for kraftige vindkast. Natt til søndag er det meldt kortvarig sørleg full storm 25 m/s på kysten, med vindkast over land kring 30-35 m/s.

Illustrasjonsfoto.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Søndag er det venta mykje nedbør over Sør-Noreg. Nedbørsområdet vil treffa Sørvestlandet tidleg på søndag, og flytta seg austover i løpet av dagen. I følge gjeldande prognosar kan det koma opp mot 80 mm på 12 timar og 100 mm i døgnet på Vestlandet, og opp mot 40 mm i døgnet på Austlandet. Relativt høge temperaturar og mykje vind fører til stor snøsmelting, også i høgfjellet. Kystnære og lågareliggande strøk, samt område som frå før er snøfrie vil vera mest utsette.

Mette med vatn

Grunnvasstanden og vassmettingsgraden i bakken er høge. Bratte skråningar, samt bekkar og elveløp med stor vassføring er særleg utsette. Fare for utløysing av sørpeskred gjeld særleg i område med meir enn 40 cm snø. Snøen er stadvis metta med vatn. Sørpeskred kan losna i relativt slake hellingar der vatn samlar seg opp. Skreda vert ofte kanaliserte ned forsenkingar og bekkeløp og kan då utvikla seg til flaumskred. Flaumskred har lang rekkevidde og kan gå ned i dalbotnen sjølv om dei losnar høgt i terrenget.

Det er venta nokre skredhendingar. Enkelte store hendingar kan skje. Utsette bane- og vegstrekningar kan bli stengt.

Jordskred er utglidingar og rask rørsle av vassmetta jord i bratte skråningar.

Flaumskred er ein flaum av vatn, jord og stein i bratte skredløp. Vatn på avveg i bratt terreng som kan medføra bekkeløpsendring.

Sørpeskred er ein straum av vassmetta snø. Denne skredtypen losnar i slakt terreng og fylgjer deretter bekkeløp og bratte skråningar.

Hald deg oppdatert

Råda er å halde seg oppdatert om utviklinga av vêret og den hydrologiske situasjonen. Følg med på vêrmeldinga og –radaren, samt oppdateringar på varsom.no.

Hald deg unna bratte skråningar, samt bekkar og elveløp med stor vassføring.

Rensking av dreneringsvegar og stikkrenner er anbefalt, slik av vatnet kan renna unna.

Hald vassvegar og avløpsrøyr fri for snø/is, sedimentar, boss, kvist og lauv.

Dette blir karakterisiser som ein utfordrande situasjon som krev oppfølging og kan føra til skade lokalt. Gult nivå er det lågaste av våre varslingsnivå.

Kjelde: Varsom.no