Farevarsel for svært høg vass-stand

Det er meldt om svært høg vass-stand, oransje nivå, måndag 10. februar for Vestland. Oransje nivå er rekna for å vere ein alvorleg situasjon.

Illustrasjonsfoto  Foto: Lars Lunde

Arkivfoto  Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

Den høge vass-standen er ein kombinasjon av høgt tidevatn og oppstuving av vatn som følgje av vind mot kysten. Vass-standen er venta å vere høgast natt til tysdag.

Varselet frå Meteorologisk institutt som gjeld for strekninga Åna Sira til Stad: Måndag seint føremiddag og tidleg ettermiddag er det venta svært høg vass-stand, estimert 60 cm over høgde som er oppgitt i tabellane som viser tidevatn.

Eit kraftig lågtrykk

Vêrsituasjonen er prega av eit kraftig lågtrykk som ligg i Norskehavet vest for Troms. Dette set opp eit vindfelt mellom sørvest og nordvest. I denne luftstraumen er det venta at eit mindre lågtrykk vert danna og beveger seg inn mot Vestlandet natt til tysdag. Det er framleis usikkerheit i utviklinga og banene til begge desse lågtrykka, noko som betyr at det kan bli endringar i nivået på den høgaste vass-standen.

Konsekvensar

Konsekvensar av den høge vass-standen er at det kan bli oversvømmelser fleire stadar og fare for moderate øydeleggingar på infrastruktur og bygningar i strandsona. Folk blir oppmoda om å sjekke fortøyinga til båten og sikre lause gjenstandar inne i naust og i strandsona.

Gult nivå søndag

I morgon, søndag er det meldt om høg vass-stand, gult farenivå i Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Trøndelag. Gult nivå indikerer at faren er moderat. Vass-standen er venta å vere på det høgaste søndag kring kl. 11-12, og kl. 23-24.