Healeren frå Selje

Eit liv med helbredande hender

Krafta, kallar Bergit Loen Hatlenes den – det som ho har kjent sidan ho var småjente heime i Loen.
Nyhende

– Mor mi døde då eg var sju år, men eg brukte hendene på lungene mine då eg var fire-fem år. Men denne krafta har vi hatt i slekta heilt tilbake til 1700-talet. Den gamle nabodama, Dagny, vart rekna for å vere trollkjerring. Eg søkte alltid til henne, og ho fortalde at eg skulle ikkje vere redd for å snakke om dette. Men i oppveksten følte eg meg alltid utanfor, og eg hadde ein far som ikkje ville ha ei trollkjerring til dotter. Men eg var no meg, fortel Bergit når ho minnast tilbake i tid.