5. plass til Kjølsdalen musikklag

‒  Vi er veldig godt fornøgde

‒  Heilt supert! Vi er godt fornøgde med eigen innsats i dag. Det seier leiar i Kjølsdalen musikklag Anne-Britt Nor etter dagens opptreden i NM for Brassband i Bergen der dei kom på 5. plass i sin divisjon.

Foto frå opplesinga av dagens resultat der Julie Nilsen Sundal frå Kjølsdalen musikklag tok imot rose og dommarkommentar for 5. plassen i 4. divisjon.   Foto: Privat

Kjølsdalen musikklag  Foto: Tormod Flatebø.

Nyhende

Kjølsdalen musikklag deltok i 4. og nest siste divisjon, saman med 13 andre korps frå Møre og Romsdal, Vestland, Rogaland, Agder, Vestfold og Telemark, Viken og Innlandet. Flora-Bremanger brassband kom på 4. plass i 4. divisjon.

Anne-Britt Nor seier at dei ikkje hadde ambisjonar om betre plassering, resultatet er om lag som forventa, og dei er veldig godt fornøgde. Korpset reiste nedover til Bergen torsdag og har ei langhelg der dei er med i NM, men minst like viktig er å ha det kjekt saman og å få masse inspirasjon.

− Plassering og resultat er ikkje motivasjonen vår for å delta. Vi brukar NM som eit middel for å bli betre, og konkurransen er til sterk inspirasjon for oss. Viss vi går av scena og føler vi har gjort vårt beste, har vi nådd målet vårt, har Anne-Britt Nor tidlegare uttalt.

NM er òg eit sosialt høgdepunkt for korpset, i tillegg til at ein får høve til å høyre dei aller beste korpsa i landet.

«A Malvern Suite»

I noregsmeisterskapen spelar korpsa eit sjølvvalt nummer på inntil 15 minutt. Kjølsdalen musikklag framførte «A Malvern Suite» komponert av Philip Sparke. Malvern er ein liten by i Midlands i England. Stykket er skrive som eit 3-satsa, men samanhengande, verk i 1984. Kvar av satsane har namn etter dei store engelske katedralane i Worcester, Hereford og Gloucester.

I fjor vart det ein 12. plass i 3. divisjon på kjølsdalingane.

Stor aldersspreiing

Dei 27 musikantane i Kjølsdalen musikklag kjem frå bygdene/ stadane Kjølsdalen, Stårheim, Haugen, Nordfjordeid, Hjelle, Førde, Måløy og Luster. Ungdomar og vaksne spelar i korpset, og alderen spenner frå 15 til 69 år.

− Ekstra gledeleg er det at heile åtte av medlemmene våre er i skulekorpsalder. Nokre av desse deltek på NM for aller første gong, fortel leiar Anne-Britt Nor.

Det er Arvid Anthun som dirigerer kjølsdalingane på NM.