Skal ha filma mannen som døydde

Ein av dei tre mennene som vart sikta for å ha forlate ein person i hjelpelaus tilstand på Nordfjordeid skal ha filma mannen og sendt det ut på Snapchat.

dødsfall: Lensmann Tormod Hvattum fortel at ein av tre mistenkte er ute av varetekt.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Det er NRK Vestland som melder dette.

– Vi har ikkje sett videoen, men den er ein del av etterforskinga, uttalar regionlensmann i Nordfjord, Tormod Hvattum. Politiet er førebels forsiktig med å kommentere dødsårsaka, men det skal ikkje vere mistanke om at nokon har påført mannen ytre skader.

I dag må politiet bestemme seg for om to skal sleppast fri frå varetekt.

På tysdag vart ein av dei tre sett fri frå varetekt.

– Han var i avhøyr tysdag, og det var ikkje meir grunnlag for å halde han varetektsfengsla, sa Hvattum til Fjordabladet.

Det var i januar at to ungdomar på 18 og 19 år, og ein i 20-åra vart sikta for å ha forlate ein person i hjelpelaus tilstand i ein bustad på Nordfjordeid.

I startfasen var det sju-åtte etterforskarar frå Nordfjord som jobba med saka. Dette er no redusert etterkvart som ein har blitt ferdig med delar av etterforskinga. No gjenstår det berre mindre undersøkingar igjen. Endeleg obduksjonsrapport av avdøde er venta tidlegast om to veker.