Kjølsdalen musikklag til NM

Laurdag 8. februar spelar Kjølsdalen musikklag i NM for brassband i Bergen. Dei 27 musikantane stiller i 4. divisjon med sin dirigent Arvid Anthun.

NM er òg eit sosialt høgdepunkt for korpset frå Kjølsdalen. − Vi brukar NM som eit middel for å bli betre, og konkurransen er til sterk inspirasjon for oss. Viss vi går av scena og føler vi har gjort vårt beste, har vi nådd målet vårt. Så får vi sjå kva plassering det eventuelt fører til, seier Anne-Britt Nor. Arkivfoto frå Vårkonsert.  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Fleire tusen korpsmusikarar samlast i Grieghallen i Bergen til helga. Det er duka for to dagar med konkurrering i seks divisjonar. 75 korps deltek totalt, fem av dei frå gamle Sogn og Fjordane.

14 korps i divisjonen

Kjølsdalen musikklag deltek i 4. og nest siste divisjon, saman med 13 andre korps frå Møre og Romsdal, Vestland, Rogaland, Agder, Vestfold og Telemark, Viken og Innlandet. Det er berre eitt år sidan korpset sist deltok i NM, då vart det ein tolvteplass i tredje divisjon på kjølsdalingane. Dei andre NM-korpsa frå Sogn og Fjordane er Jølster musikklag (2. div), Flora-Bremanger brassband (4. div), Florø hornmusikk (4. div) og Fjordbrass - Lavik (5. div.).

Mange unge

Dei 27 musikantane i Kjølsdalen musikklag kjem frå bygdene/ stadane Kjølsdalen, Stårheim, Haugen, Nordfjordeid, Hjelle, Førde, Måløy og Luster. Ungdomar og vaksne spelar i korpset, og alderen spenner frå 15 til 69 år.

− Ekstra gledeleg er det at heile åtte av medlemmene våre er i skulekorpsalder. Nokre av desse deltek på NM for aller første gong, fortel leiar Anne-Britt Nor.

Dyktig dirigent

Arvid Anthun skal dirigere kjølsdalingane på NM. Den svært dyktige dirigenten bur i Førde, og har oppdrag som dirigent og dommar både i inn- og utland. Anthun er oppteken av og klarer å hente ut det beste av kvar enkelt musikant og korpset som heilskap.

Spelar eitt stykke

I noregsmeisterskapen spelar korpsa eit sjølvvalt nummer på inntil 15 minutt. Kjølsdalen musikklag skal framføre «A Malvern Suite» komponert av Philip Sparke. Malvern er ein liten by i Midlands i England. Stykket er skrive som eit 3-satsa, men samanhengande, verk i 1984. Kvar av satsane har namn etter dei store engelske katedralane i Worcester, Hereford og Gloucester.

Bryr seg ikkje om resultat

Verken korps eller dirigent er opptekne av plassering og resultat i konkurransen.

− Det er ikkje motivasjonen vår for å delta. Vi brukar NM som eit middel for å bli betre, og konkurransen er til sterk inspirasjon for oss. Viss vi går av scena og føler vi har gjort vårt beste, har vi nådd målet vårt. Så får vi sjå kva plassering det eventuelt fører til, seier Anne-Britt Nor. NM er òg eit sosialt høgdepunkt for korpset, i tillegg til at ein får høve til å høyre dei aller beste korpsa i landet.

I elden laurdag

Kjølsdalingane reiste til Bergen i går ettermiddag. Då bar det rett på øving, i Frelsesarmeens øvingslokale ved Grieghallen. I dag er det ny øving der, og i morgon kl 13.30 sit Kjølsdalen musikklag på scena i Peer Gynt-salen i Grieghallen.

− Vi gler oss, seier korpsleiaren på vegne av Kjølsdalen musikklag.