Elevane laga ny talarstol

Elevar ved Eid vidaregåande skule har laga ny talarstol, og torsdag vart den levert over til Stad kommune.
Nyhende

I haust fekk elevane ved Eid vidaregåande skule eit oppdrag om å lage ein heilt ny talarstol til kommunestyresalen på Stad rådhus. Torsdag då klimakonferansen gjekk av stabelen i Operahuset Nordfjord, leverte elevane over den heilt nye talarstolen.