Innlegg

-Eg var ikkje invitert

Høgrepolitikar Geir Årvik var ikkje invitert til fakkeltogarrangementet, ei heller oppfordra til å møte. 

Nyhende

Ser av dagens leiar i Fjordabladet at det vert reist kritikk mot politikarane i Stad for at vi ikkje møtte opp på fakkeltoget i Selje i samband med bassengsaka. Til det har eg fylgjande å seie:


Leiar

Ein må lytte til folket

Med flott fakkeltog på Seljesanden tysdag uttrykte folket si misnøye i bassengsaka. Dei er urolege over at dei planane som vart vedteke igjen er skrinlagde.


Eg var ikkje invitert til dette arrangementet ei heller oppfordra til å møte. Som eg oppfatta dette arrangementet gjennom media (er framleis ikkje på Facebook), var dette eit tog som skulle markerer motstand MOT Kommunedirektøren sitt framlegg i denne saka. Eit framlegg 4 utval i tillegg til Formannskapet gjorde vedtak i som i konklusjon var i tråd med framlegget. Som dei fleste veit var Stad Høgre einig i Kommunedirektøren sitt framlegg, med den endring at vi gjekk for «å setje på vent» istadenfor å «skrinlegge» rehalibiteringa. I tillegg få vedeteke ein dato for når plan for symjeundervisning for elevane i gamle Selje skulle vere på plass.

For meg ville det å gå i dette toget då verte direkte feil. Når det så ikkje var invitert til ein debatt etter toget der ulike syn kunne drøftast, såg eg det ikkje rett å møte opp. Tru det eller ei redaktør, dette i respekt for arrangøren og det eg oppfatta som agendaen.

Når det gjeld å lytte til folket: Sjølvsagt skal vi gjere det, men som politikarar bør lytte til alle, ikkje berre dei som går i tog. I tillegg må vi, så trivielt det enn kan vere, forholde oss til saksutgreiingar og fakta og ut fra desse gjere det vi meiner er det beste.