Alle tre ute av varetekt

Alle tre som er sikta for å ha forlate en person i hjelpelaus tilstand på Nordfjordeid slapp i dag ut av varetekt.

Lensmann Tormod Hvattum fortel at ein av tre mistenkte er ute av varetekt.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

- No har alle vorte slept fri. Det vart bestemt i dag at vi ikkje vil halde dei varetektsfengsla, fortel Tormod Hvattum, regionlensmann i Nordfjord, til Fjordabladet.

Han stadfestar at ein av dei tre mennene har filma mannen og sendt det ut på Snapchat.

- Vi er på jakt etter denne Snapchatten, og den er ein del av etterforskinga, seier Hvattum.

Dei tre mennenene på 18, 19 og ein mann i 20-åra er framleis sikta i saka, sjølv om dei no er slept fri frå varetekt.

Politiet er førebels forsiktig med å kommentere dødsårsaka, men det skal ikkje vere mistanke om at nokon har påført mannen ytre skader.

Det var i januar at to ungdomar på 18 og 19 år, og ein mann i 20-åra vart sikta for å ha forlate ein person i hjelpelaus tilstand i ein bustad på Nordfjordeid.

I startfasen var det sju-åtte etterforskarar frå Nordfjord som jobba med saka. Dette er no redusert etterkvart som ein har blitt ferdig med delar av etterforskinga. No gjenstår det berre mindre undersøkingar igjen. Endeleg obduksjonsrapport av avdøde er venta tidlegast om to veker.

- Når etterforskinga er ferdig, vil politijuristen bestemme om det vert tatt ut tiltale på dei tre mennene, fortel regionlensmann Hvattum.