‒ Var ikkje invitert

Alfred Bjørlo (V) er overraska over kritikk i leiarartikkelen i Fjordabladet i dag om at politikarane ikkje møtte opp i fakkeltoget i Selje tysdag i samband med bassengsaka.

Stad-ordførar Alfred Bjørlo (V) opplyser at han ikkje var invitert til arrangementer med fakkeltog i Selje. Her saman med varaordførar Siri Sandvik (Ap).  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Leiar

Ein må lytte til folket

Med flott fakkeltog på Seljesanden tysdag uttrykte folket si misnøye i bassengsaka. Dei er urolege over at dei planane som vart vedteke igjen er skrinlagde.


‒ Eg var ikkje invitert. Eg bruker å møte opp over alt der eg er invitert. Det seier Stad-ordførar Alfred Bjørlo. Ordføraren legg til at han var i Bergen på karrieremesse på det aktuelle tidspunktet, men han ville sjølvsagt ha sørga for at ein annan representant møtte i staden hans, dersom han altså hadde fått invitasjon.