‒ Målet er basseng i 2022

Vedtaket som Stad kommunestyre gjorde i bassengsaka i går inneber at det skal leggast fram utgreiingar om basseng/fleirbrukshall og eventuelle samarbeidsprosjekt til hausten.

Fleirtalet på 20 bestod av Ap saman med Høgre, Venstre, KrF og Gunn Sande frå Sp. På første rad sit Hans Petter Gilleshammer (Ap), Therese Lien Smenes (Ap) og Judith Kvåle (Ap).   Foto: Anna Wuttudal

Eit 12,5 meters basseng er omtrent som å gå i badekaret saman med naboen.

Judith Kvåle (Ap)
Nyhende

Stad-ordførar Alfred Bjørlo (V) seier til Fjordabladet at målet er at nytt basseng skal stå ferdig i løpet av 2022. Han peikar på at utgreiing av alternativ skal leggast fram for Stad kommunestyre seinast 29.oktober 2020. Og frå dei tek ei avgjerd, reknar han med at det går om lag to år.