Vil gi cruiseskip på Nordfjordeid landstraum

Landstraumselskapet Plug har inngått intensjonsavtale med SeaWalk Nordfjord for å finne ei ny type landstraumløysing for cruiseskip, med Nordfjordeid som første stad løysinga vert teken i bruk.

Plug har som mål å avklare raskt om det er mogeleg å ha eit lønsamt landstraumprosjekt på plass på Nordfjordeid i løpet av 2021. Arkivfoto frå cruiseskip ved Seawalken sommaren 2019.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Nybrottsarbeidet er unikt. Det handlar om å kople cruiseskip på landstraum medan skipet ligg til kai ved ei flytande gangbru.