Tre frå Stad med i Teater Vestland

Rett før jul vil Teater Vestland ha premiere på musikalen Annie. Tre frå Nordfjordeid vil få sentrale roller.

Tuva Nyhammer-Taklo er ei av tre med bakgrunn frå kulturskulen i Eid som har fått rolle i Annie.   Foto: Arkiv

Nyhende

Dei som skal vere med frå tidlegare Eid kommune er Tuva Nyhammer-Taklo som Lily St. Hotel, Nora Nyhammer-Taklo som Duffy og Asbjørn Hagen som Rooster. Alle dei er elevar/har vore elev ved kulturskulen i Eid. Dei har også brei sceneerfaring frå ulike oppsetjingar i Operahuset Nordfjord.

Dei tre har fått rollene etter audition i Førde hausten 2019. Der det var rundt 100 som var med på audition. Tuva og Nora har også erfaring frå Annie, då dei var med då Opera Nordfjord sette opp denne musikalen hausten 2018. Premieredatoen for Annie er sett til 11. desember 2020.