Stadlandet FAU ønsker basseng på 25 meter

FAU Stadlandet ønsker eit basseng på 25 meter, og dei meiner at alle samarbeidspartnarar skal vurderast på lik linje uavhengig av lokasjon.

I 16 år: Symjebassenget ved Selje skule. I dette bassenget har det ikkje vore vatn dei siste 16 åra.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Stadlandet FAU v/ Helle Frogner har sendt uttale til sak om basseng der det går fram at dei ønsker eit basseng på 25 meter. Dei peikar på at i tillegg til svømmeopplæring vil eit slikt basseng kunne stimulere til etableringa av eit nytt fritidstilbod til både barn og vaksne. FAU skriv at det er ønskeleg at bassenget blir tilrettelagt for alt frå babysvømming til revmatikarar.