Kommunestyret har talt

Rehabilitering av basseng på vent, skal greie ut alternativ

Kommunestyret i Stad vedtok med 20 mot 13 røyster det same som formannskapet gjekk inn for, men med eit tilleggspunkt om at det skal leggast fram ein statusrapport på kommunestyremøtet i juni.

Det var stort fleirtal i kommunestyret for å gå for formannskapet sitt framlegg i bassengsaka. Høgre, Venstre og Ap stemde samla for dette saman med KrF og eit mindretal i Sp.  

Frp ville lyse ut anbod på rehabilitering på nytt.  

Fleirtalet i Sp og dei to i SV støtta Frp sitt framlegg. 

Nyhende

Formannskapet sitt vedtak som fleirtalet i kommunestyret slutta seg til, med eit ekstra punkt 8.

Vedtak i Stad kommunestyre:

1. Plan for rehabilitering av symjebasseng og garderobar ved Selje skule vert førebels sett på vent.

2. Det vert innan 31.05.2020 utarbeidd avtale og plan for sikring av at elevane ved skulane i tidlegare Selje kommune vert sikra tilfredstillande symjeopplæring. For skulane i tidlegare Selje kommune vert ansvaret for å forhandle fram desse avtalane frå og med starten av komande skuleår 2020/21 lagt til kommunalsjefnivå.

3. Det vert gjennomført ei enkel opprustning av garderobane ved Selje skule innanfor ein kostnad på kr 1.000.000,- eks mva.

4. Det vert utarbeidd rom- og funksjonsprogram med kostnadsoverslag og, evt skisser for symjebasseng, og fleirbrukshall i nærleiken av Selje skule. Brukarane (elevar/skule, idrettsorganisasjonane, m.fl) skal vere involvert i prosessen.

5. Det vert søkt etter samarbeidspartar, som kan vere interessert i eit samarbeid om realisering av symjebasseng i Selje. Resultat av drøftingar mv., samt økonomiske, administrative- og organisasjonsmessige konsekvensar skal vurderast.

6. Utgreiing etter pkt 4 og 5 skal leggast fram for Stad kommunestyre seinast 29.oktober 2020.

7. Kostnader etter pkt 3, 4 og 5 vert dekt over prosjekt 4503 Symjebasseng + garderobe Selje skule.

Pkt 8. Det vert framlagt ein staturapport for prosjektet på kommunestyret i juni 2020.


Anfinn Sjåstad (Frp): kom med endringsframlegg til nytt punkt 1.

Pkt 1. Det utarbeidast eit detaljert anbodsgrunnlag for ei nøktern oppgradering av symjebasseng og tilstøytane garderobar på Selje skule, gjerne med ekstern arkitekthjelp med finansiering i totalramma som er løyva til føremålet. Arbeidet lysast deretter ut på nytt anbod med rimeleg frist til eventuelle tilbydarar.

a) Anbodsdokument skal godkjennast av utval for areal og eigedom

b) Godkjenning av eventuelle tilbod skal handsamast av formannskapet

Pkt 2. Som innstilling frå formannskapet

Øvrige punkt fell bort.


Det vart først røysta over endringsframlegget frå Anfinn Sjåstad (Frp) som fekk 13 røyster og fall.

Det vart deretter røysta over formannskapet si innstilling som fekk 20 røyster og vart vedteke.