Opera Nordfjord med omsetnad på 10,4 millionar

2019 blei eit godt år for Opera Nordfjord. For andre gong blei omsetnaden over ti millionar. Sjølv om salsinntektene blei ein million mindre i høve til året før.

Også i år kunne Opera Nordfjord notere inntekter som ligg over 10 millionar kroner. Her frå hovudproduksjonen Hans og Grete.   Foto: Arkiv

Salsinntektene for 2019 ligg atten prosent under gjennomsnittet dei siste sju åra

Nyhende

I 2018 nådde Opera Nordfjord ein milepæl, med over ti millionar i omsetnad for første gong i historia. Dette held fram i 2019, der omsetnaden blei på 10.450.000 kroner. I 2018 var den på 10.493.000 kroner. Altså 43.000 kroner mindre i inntekter i fjor, i høve til året før.