Ferjeavløysing og arbeidsplassar

Frp-politikar Lars-Svein Drabløs ser det som viktig å halde sine partifellar i Stortinget oppdaterte. 

Nyhende

Frp-politikar Lars-Svein Drabløs har denne veka vore på Oslotur for å snakke med sine partifellar i Stortinget om saker som er viktige for Vestlandet. Han møtte mellom andre Frp sin samferdslepolitiske talsperson på Stortinget Bård Hoksrud og Helge Andre Njåstad frå kommunalkomiteen.

‒ Det er ein ny situasjon med Frp ute av regjering. Mange av dei som vi har jobba saman med er ute av systemet. Vi er no i opposisjon, og det er viktig at stortingsgruppa er godt kjend med utfordringane på Vestlandet, seier Drabløs, som er politisk nestleiar i Vestland Frp.

Ferjeavløysing var eit sentralt tema i møtet mellom Frp-arane der essensen er at det som det offentlege i dag bruker på ferjedrift, bør kunne bli kanalisert til bruk i samband med ferjeavløysing, til dei selskapa som skal bygge bruene.

‒ Ny teknologi på flytebruer er spennande. Her kan me både knyte Vestlandet tettare saman, samtidig som det skaper arbeidsplassar lokalt for å bygge flytebruelementa, seier Njåstad.

‒ Dersom ein kan produsere bruene her til lands ved kysten, vil det bli eit heilt anna samfunnsrekneskap, påpeikar Drabløs.




Statssekretær Tommy Skjervold (Frp) besøker Sandane:

Nye brukonsept for Anda-Lote blir presentert for fyrste gong



Lars-Svein Drabløs:

–Gåvepakke til Nordfjordbrua