Bidreg med hus, mat og omsorg i kriser

I samband med kommunestyremøtet i Stad i dag var det signering av beredskapsavtale mellom kommunen og sanitetslaga. Frå venstre: ordførar Alfred Bjørlo, Gerd Endal frå Selje, Liv Stokkenes Jacobsen frå Nordfjordeid, Marit Nore Sørhaug frå Bryggja og leiar Ragnhild Bjørlo. Framme er Astri Elvebakke frå Kjølsdalen i ferd med å signere. 

Nyhende

Leiarane i sanitetslaga på Nordfjordeid, i Kjølsdalen, i Selje og på Bryggja signerte i dag avtale med Stad kommune om at dei syter for hus, mat og omsorg i kriser.

Signeringa skjedde i samband med kommunestyremøtet i dag.