Paul Jacob Helgesen:

− Behov for informasjon

−I Senterpartiet har vi sett at det er behov for ei sterkare involvering av brukarane av eit symjebassenget i Selje. Eg tenkjer då i første rekkje på elevar, skule og idrettslag, seier Paul Jacob Helgesen, gruppeleiar for Sp si kommunestyregruppe.

På fullt alvor: − I utgangspunktet var vi også innstilte på at rehabiliteringa skulle lysast ut på nytt, men vi ønskte meir informasjon om kvifor det berre var kome inn eitt tilbod, og kvifor anbodet var så vanskeleg og hadde såpass mange usikre faktorar, seier Paul Jacob Helgesen. Frå venstre: Gunn Sande, utvalsleiar for Areal og eigedom og vara til formannskapet, Betty Hessevik, formannskapsmedlem, og Paul Jacob Helgesen, gruppeleiar for Sp si kommunestyregruppe. Foto: Tormod Flatebø 

Nyhende

Tidlegare ordførar i Selje, Stein Robert Osdal (KrF), poengterte i sin appell under fakkeltoget for symjebasseng i Selje at ingen av dei nyvalde politikarane i Stad kommune var å finne i fakkeltoget. Kvifor var ikkje du til stades for å høyre kva folk i Selje hadde på hjartet, og for å få eit innblikk i korleis dei ser på dei vedtak som er gjort i utval og formannskap i «bassengsaka»?