Indre Fjordane

Raudt varsel for snøskred

Onsdag er det stor snøskredfare i Indre Fjordane ifølgje NVE, og det er difor sendt ut raudt varsel.

VARSEL: Det er raudt varsel for snøskred i Indre Fjordane onsdag. Torsdag er det sendt ut oransje varsel.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Det er omfattande ustabile forhold grunna store nysnømengde og vind som gjer at det er no sendt ut raudt varsel og stor fare for at naturlege snøskred vert utløyst i Indre Fjordane, ifølgje varsom.no.

I høgfjellet vil mykje nedbør og vind danne nysnøflak, og det er difor stor fare for naturleg utløyste tørre flakskred. Dei mest utsette områda skal vere Ø-vende leheng, skriv varsom.no. I tillegg er det fare for lausnøskred og glideskred. Det vert også melde om at eventuelle snøskred kan treffe skredutsette vegar og busetnad.

Ifølgje varsom.no bør ein difor unngå skredterreng og utløpsområde for skred, og i tillegg unngå å vere i område som har glidesprekker.

Torsdag vil det også vere stor snøskredfare og ifølgje varsom.no er det oransje varsel for Indre Fjordane, nivået under raudt varsel. Ifølgje Yr er det venta at temperaturane torsdag vil ligge på mellom 4 og 7 grader.