Nordfjordrådet gjorde seg lekre på karrieremesse

Nordfjordrådet var til stades på karrieremesse i Bergen tysdag. Målet er å tiltrekke seg fleire unge til Nordfjord.

Messe: Nordfjordingar gjorde seg lekre for å tiltrekke seg fleire til å kome til Nordfjord.   Foto: pressefoto

Nyhende

Nordfjord og «Alt i ein fjord» konseptet vart visualisert av Alfred Bjørlo (ordførar i Stad), Per Jarle Myklebust (varaordførar Gloppen), Janne Andersson (Nordfjordrådet), Rita Lilletvedt (personalsjef i Gloppen), Torstein Tvinnereim (varaordførar i Stryn): Fagraste, Tøffaste, Lengste, Største, Villaste.

Dei konstaterer at det var mykje besøk på Framtidsfylket si karrieremesse i Bergen. Alle som var innom Nordfjordrådet sin stand fekk vere med i trekninga av ei Nordfjord t-skjorte, ei 514 drikkeflaske og ein Dævelenkopp spesiallaga til Farmenvinnaren Erik Rotihaug frå BergArt.

– Kjekt at så mange unge nordfjordingar tok turen innom messa, og ikkje minst at dei ønskjer seg heim til Nordfjord. Vi har eit stort behov for arbeidskraft i Nordfjord, og vi har mange spennande jobbar i solide bedrifter. Nordfjord er ein heilt unik region med eit mangfaldig næringsliv, fager natur og ein god plass å leve og bu, seier varaordførar i Stryn, Torstein Tvinnereim.