Nær skulen og innan rimeleg tid

FAU på Flatraket skule meiner at symjebasseng og fleirbrukshall i nærleiken av Selje skule er det beste alternativet, viss det blir gjennomført, men fryktar at dette blir eit "luftslott".

Det er sterkt engasjement for å få ei løysing når det gjeld symjebasseng i Selje. I dette bassenget har det ikkje vore vatn dei siste 16 åra.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

I innspel til bassengsaka skriv leiar i FAU på Flatraket skule, Stephan Lexau: «For oss som bur på Flatraket, er det avgjerande at eit nytt basseng i Stad kommune blir lokalisert i Selje, i nærleiken av Selje skule, og at borna på Flatraket får tilfredsstillande symjeundervisning innan rimeleg tid.»