Hadde 3.000 kg i overlast

Eit vogntog vart stoppa på Nordfjordeid med 3.000 kg i overlast.
Nyhende

Det var tysdag Statens vegvesen hadde kontroll på Nordfjordeid. 16 køyretøy var inne på kontrollplassen, to av desse vart kontrollerte.

Det viste seg at eit køyretøy og eit vogntog hadde lasta over det lovlege og måtte laste om og av. Vogntoget hadde 3.000 kg i overlast og vart gebyrlagt med 6.500 kroner for forholdet.

Ein førar vart meldt for brot på køyre- og kviletidsregelverket. To førarar fekk åtvaring for brot på same regelverk.

Det vart også nedlagt bruksforbod på ein tilhengar på grunn av tekniske manglar, opplyser vegvesenet.