Brenn for trening og folkehelse

For tre år sidan bestemte Rakel Bruland seg for å studere folkehelsearbeid. Det angrar ho ikkje på i dag.

INSTRUKTØR: Rakel Bruland er i full gong med tredje året av bachelor i folkehelsearbeid på Høgskulen i Innlandet. Som ein del av utdanninga hadde ho i vinter praksis på Hamna Aktivitet og Helse på Nordfjordeid, og etter at praksisen var over fekk Rakel beskjed om at ho fekk vere med vidare som instruktør og trenar.   Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

– Det overraska meg kor spennande eg tykkjer faget er. Folkehelsearbeid er noko eg brenn veldig for, fortel ei engasjert Rakel Bruland (23 år), frå Nordfjordeid. Dei siste tre åra har ho tatt ei bachelorgrad i folkehelsearbeid ved Høgskulen i Innlandet lokalisert på Elverum. No er Rakel godt i gong med tredje og siste året av studiet, og skriv for tida bacheloroppgåve retta mot folkehelsearbeid med spesielt fokus på eldre.