Gode hageråd i Operahuset

Laurdag 8. februar vil Sogn og Fjordane hageselskap ha årsmøte på Nordfjordeid. Same dag vil Maria Berg Hestad kome med gode hageråd i Operahuset Nordfjord.

første spire: Eid ha­ge­lag og Vågs­øy ha­ge­lag går sam­an om fel­les hage­dag. Frå venst­re: Kari Mor­vik, To­run Føl­les­dal Utnes, Eva Hagen og Nina Moe Bøge, alle Vågs­øy ha­ge­lag. Guri Haga og Me­re­the Kjøl­berg frå Eid ha­ge­lag, To­rill Lys­berg, Vågs­øy ha­ge­lag. 

Hage­kjen­dis: Maria Berg Hestad har skapt seg eit namn i hage­ver­da, og le­ver no av å ins­pi­re­re andre hage­frels­te. 

Nyhende

I haust tok Eid hagelag initiativet til meir samarbeid mellom hagelaga i Nordfjord. Dei vurderte også om samarbeid var vegen å gå for å få opp aktiviteten. På eit møte i oktober kom desse spørsmåla opp, der dei andre hagelaga sa nei til eit Nordfjord hagelag, men ja til meir samarbeid. Første resultat er at Vågsøy hagelag og Eid hagelag går saman om å arrangere foredrag med Maria Berg Hestad laurdag 8. februar. Då blir det også ein forsmak på våren og årets sesong i Operahuset Nordfjord.

Inspirasjon

I samband med foredraget blir det også utstilling av Moodmakers ved Marion Tufteland, foredrag med hagearkitekt Helene Roussel, sal av honning og informasjon om honning og birøkt, av Wilhelm Nitter-Thorsen, samt sal av frø, solhatt, bokashistrø og demonstrasjon av bokashi.

Hage for alle

Maria Berg Hestad hadde foredrag for hageinteresserte om lag på same tid i fjor. I år er ho tilbake i kinosalen på Operahuset, med meir utvida inspirasjon for alle som likar litt utfordringar i hagen. Enkelt å gjere er fokuset denne gongen. Med tema som skape bed, enkelt raskt og billeg, enkel kompostering, ulike metodar for å så, korleis få ha grønsakene i fred, drivhus for dummies og enkle grønsaker å lukkast med.

Maria Berg Hestad har for lengst skapt seg eit namn innan hageverda, med eiga nettside og foredrag rundt om i landet. Heime i hagen sin i Molde har ho fokus på å ikkje grave for mykje i jorda, men nyttar heller materiale opp på jorda, som skal rotne og bli grobotn for dyrking. Kompostering og drivhus har også fokus hjå henne.

Treng ikkje ha fin hage

Årsaka til at Eid hagelag gjerne vil ha meir samarbeid i Nordfjord, er eit ønskje om meir aktivitet for hageinteresserte. I Nordfjord er det i dag fem hagelag. Dette er Eid, Vågsøy, Selje, Gloppen og Stryn, samt Hornindal på Sunnmøre. Det er ulik grad av aktivitet i desse hagelaga, men langt dei fleste slit med å få nokon til å ta på seg leiaransvar til dømes, eller å rekruttere yngre medlemmer. Nina Moe Bøge frå Vågsøy hagelag seier at dei ønskjer seg fleire medlemmer.

–Mange tenkjer at eg kan ikkje vere med i eit hagelag fordi hagen min ikkje er så veldig fin. Slik er det ikkje, alle er velkomne, det er både sosialt og lærerikt, seier Moe Bøge.