Harpefossen avlyser arrangement

Harpefossen skisenter ser seg nøydde til å avlyse arrangementet Open bakke som var planlagt søndag 19. januar.

ventar på kuldegrader: Tore Kroken Karlsen er operativ leiar ved Harpefossen skisenter, og ventar no kvar dag på at kuldegradene skal setje inn. Kroken har vore medhjelpar på Harpefossen i mange år, men kan ikkje hugse at snøkanonane har stått stille heilt til midten av januar før.   Foto: Inger Træen

Nyhende

- Vi må dessverre avlyse Open bakke i morgon søndag 19. januar på grunn av lite snø. Slik ståa er no klarer vi ikkje preppe bakken. Vi håper vêret snur og gir oss både minusgrader og snø snart!, skriv skisenteret på facebook-sida si.

Nær to månadar inn i alpinsesongen 2019/2020 har ikkje Harpefossen skisenter fått produsert snø i det heile.

Tidlegare i veka uttalte operativ leiar Tore Kroken Karlsen til Fjordabladet at han framleis var optimistisk, og at han har tru på at vinteren vil kome.

- Vi opplever at folk gjerne vil stå på ski no, og mange har kjøpt årskort for å vere klar til vi opnar, fortalde han.

- Kjem det fleire slike skisesongar må vi satse meir mot snøproduksjon i høgda, oppe på Furuhogane, sa han.