UKM workshop i Selje og Borgundvågen

UKM for Stad kommune inviterer i helga til workshop i Selje og Borgundvågen. Det blir arbeid med leire, materiale frå gjenbruk og måling av bilde.

kunst på veggen: Desse utgåvene av makramé er laga av funn i fjæra, samt gjenbruk av materiale. Dette er noko som skal lagast på workshop i helga.  

Turid Haye har sin eigen keramikkverkstad i Selje. På laurdag vil ho arrangere UKM workshop, der deltakarane får lage mindre tredimensjonale ting. 

Rita Borgundvåg ivrar for gjenbruk, både gamle materiale og ting som ho finn i fjæra. Ho vil ha workshop for ungdom både laurdag og søndag. 

Naturmateriale kan brukast til å lage noko spennande. 

For første gong skal det i år arrangerast UKM for Stad kommune. Maria Helgesen trur at også mange frå ytre delar av kommunen vil finne vegen til kommunesenteret. 

Nyhende

For første gong skal det arrangerast UKM for Stad kommune. Det blir i Operahuset Nordfjord laurdag 1. februar. Men allereie no til helga kan ein få ein forsmak på kreativ ung kultur. Då blir det arrangert UKM workshop i Selje på laurdag, og i Borgundvågen laurdag og søndag. I Selje på laurdag blir det fokus på arbeid med leire, med keramikar Turid Haye som instruktør. I Borgundvågen blir det å lage ting av materiale som er gjenbruk på laurdag, samt måling av bilde på søndag.

Midlar frå UKM

Maria Helgesen er UKM-kontakt for Stad kommune. Ho opplyser at dei tre ulike workshop er gratis for deltakarane, og at arrangementet har fått 15.000 kroner frå UKM Norge. I tillegg har ein fått 4000 kroner frå tidlegare Sogn og Fjordane fylke.

–På leirekurset på laurdag er det god påmelding, men vi har plass til fleire på dei to kursa i Borgundvåg, seier Helgesen som opplyser at det finst pengar, skyssmidlar/lokale transportmidlar, som kan brukast om nokon treng skyss til desse arrangementa.

Skilt og makramé

Rita Borgundvåg er ansvarleg for dei to kursa som skal vere i Borgundvågen til helga. Ho driv firmaet «Natur til inspirasjon» og brukar ikkje minst naturmateriale og gjenbruk av materiale når ho lagar brukskunst. På workshop til helga kan deltakaren få lage både skilt, matter og makraméoppheng.

–Vi skal bruke tauverk som er gjenbruk for å lage matter. Så har eg mykje materiale som også er gjenbruk som skal brukast til å lage skilt. For å lage makramé har eg mange ting som eg har funne i naturen som kan brukast. Alt frå skjel frå stranda til streng og bein frå dyr og fuglar.

Lage i leire

På laurdag blir det workshop på verkstaden til Turid Haye i Selje. Der skal deltakarane lage ein tredimensjonal gjenstand, som både skal glaserast og gjerast klar for brenning.

Dei som vil kan stille ut kunsten som dei har laga under workshopen på UKM på Nordfjordeid 1. februar. Men dette er frivillig, og ein treng ikkje stille ut.

Reiser gjerne til Eid

Litt av intensjonen med å leggje workshop for Stad kommune til Selje og Borgundvågen er å fordele aktivitetar kring UKM over heile kommunen. Sjølve UKM blir laurdag 1. februar, og UKM-kontakt Maria Helgesen seier Operahuset Nordfjord er ein bra plass for arrangementet.

–Vi var også i Operahuset i fjor, då ungdom frå Selje reiste inn til Nordfjordeid. Då var det felles UKM for Eid, Selje og Gloppen, men ikkje felles kåring av dei som gjekk vidare til fylkesfinalen. I år blir det for første gong UKM for Stad kommune, og eg trur ikkje det vil påverke deltakinga frå tidlegare Selje kommune. Vi må hugse på at ungdom her ute er vande med å reise eit stykke når dei skal vere med på noko, seier Helgesen som trur UKM for Stad vil bli på Nordfjordeid i dei næraste åra framover.

–Vi har i dag fleire mindre kulturhus i Selje og på Stadlandet. Men eg ser at det er meir praktisk å arrangere i Operahuset i høve til det tekniske opplegget, og at det kulturhuset rommar mange folk, seier Helgesen som likevel ikkje ser bort ifrå at det kan bli UKM i ytre delar at Stad kommune også på sikt.

–Om vi får opp ein større hall her om nokre år, kan det absolutt bli aktuelt, seier Helgesen.