Nær to månader inn i sesongen – ingen snøproduksjon på Harpefossen

No må snøen lave ned

Nær to månader inn i alpinsesongen 2019/2020 har ikkje Harpefossen skisenter fått produsert snø i det heile. No må snøen og kulden kome for å redde sesongen.

Tore Kroken Karlsen er operativ leiar ved Harpefossen skisenter, og ventar no kvar dag på at kuldegradene skal setje inn. Kroken Karlsen har vore medhjelpar på Harpefossen i mange år, men kan ikkje hugse at snøkanonane har stått stille heilt til midten av januar før. Til helga er det likevel eit lyspunkt, med planlagt opning på Furuhogane på laurdag, og ope på søndag.  

Klimaforskarar seier at ein om nokre år må svært langt til fjells for å spenne på seg langrennsskia. På Harpefossen kan det sjå ut til at global oppvarming har gjort sitt inntog allereie. Men mange er framleis optimistar og har kjøpt seg årskort i alpinbakken. 

Nyhende

Vanlegvis set Harpefossen skisenter opp opning av alpinsesongen rundt 1. desember. Nokre år har det også vore opning i november, når vêrgudane har servert kulde og snø. Men i år kan vi altså skrive 17. januar utan at snøkanonane har vore i drift i det heile.

Arbeid med utbetring

Operativ leiar Tore Kroken Karlsen ved Harpefossen skisenter seier at ein kombinasjon av lite snø/mangel på kuldegrader og arbeid med utbetring av snøproduksjonsanlegget er årsaka til den dårlege sesongen så langt.

–Vi hadde arbeid med å leggje ned ny røyrgate fram til skileikområdet til langt ut i november. Vi fekk dermed ikkje produsert snø i den kuldeperioden som vi faktisk hadde før jul. Dersom snøkanonane hadde vore i drift då, kunne vi ha lagt ein sole med kunstsnø i heile barneområdet, seier Kroken Karlsen.

154.000 kroner under snittet

Så langt har Furuhogane hatt ope skitrekket i seks dagar. Medan skianalegget i barneskileikområdet ikkje har vore i drift i det heile. Det som likevel reddar situasjonen så langt, er eit bra sal av årskort. Skisenteret har selt årskort for 630.113 kroner så langt i år. Det er eit billettsal på 154.344 kroner under gjennomsnittet for dei siste tolv sesongane, når ein skriv midten av januar.

–Vi opplever at folk gjerne vil stå på ski no, og mange har kjøpt årskort for å vere klar når vi opnar, seier ein framleis optimistisk Tore Kroken Karlsen som enno har tru på at vinteren vil kome.

Opnar Furuhogane i morgon

Då Fjordabladet gjekk i trykken på torsdag, var planen å opne Kjenndalsheisen på Furuhogane til helga. Med opning både laurdag og søndag.

–Vi har no rundt 35 cm snø på Furuhogane. Det er snø som har kome dei siste dagane, så til helga er det berre å ta på seg slalåmskia, seier Kroken Karlsen som ikkje let seg skremme av forventa milde vintersesongar framover.

–Kjem det fleire slike skisesongar må vi satse meir mot snøproduksjon i høgda, oppe på Furuhogane, seier han.