Sjå bilda frå den høge vasstanden

Natt til onsdag steig sjøvasstanden langs kysten, og onsdag ettermiddag steig det på nytt.

Slik såg det ut på Nordfjordeid rett før klokka 12:00 onsdag.   Foto: Olin Maria Yri

Sjøen rett før klokka 12:00 på Nordfjordeid var høgre enn normalt, men den steig endå meir ut på dagen.   Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

Det er sende ut oransje farevarsel for svært høgt sjøvasstand rundt om på Vestlandet både natt til onsdag og onsdag ettermiddag. Det er melde at det er fare for oversvømmingar fleire stadar og moderate øydeleggingar på infrastruktur og bygningar i strandsona.

70–80 over normalen

Frå strekninga mellom Austevoll til Stad er det venta rundt 70 til 80 centimeter over normalen. Vasstanden var venta å vere på sitt høgste natt til onsdag rundt klokka 01 til 03, og onsdag ettermiddag klokka 12 til 15, ifølgje varsom.no. Faren er over onsdag klokka 18 melde varsom.no

Ifølgje NRK er det venta lågare nivå onsdag ettermiddag når det gjeld sør på Vestlandet enn det var i natt, medan på stasjonane i Måløy, Ålesund og Kristiansund vert vasstanden høgare enn i natt.

Då Fjordabladet tok seg ein tur til strandkanten ved Sjøgata på Nordfjordeid mellom 14 og 15 var vasstanden synleg høgare enn normalt. I tillegg var det ein del tre i sjøkanten og tang og tare på vegen.

Får skylda

Det er fullmånen og lågtrykk som får skulda for den høge sjøvasstanden.