Felles landbrukskontor

Inviterte til informasjonsmøte på Stadlandet

No er det inngått vertskommune-samarbeid mellom Gloppen og Stad kommune. Gloppen er vertskommune for felles landbrukskontor.

Samla: Landbrukskontoret f.v. Kristian Nave, Odd-Harald Heggen, Anne Berit Hauge, Trine Alme (leiar), Lindis Bergland Østgård, Stanislawa Voldsund, Åse Marie Ravnestad og Bernt Reed.  Foto: Privat

Stadlandet: Måndag var det «bli kjent dag» mellom landbruks- og naturforvaltninga i Stad og Gloppen og brukarane.  Foto: Privat

Nyhende

Alle som driv med landbruks- og naturforvaltning i Stad kommune var måndag på synfaring på Stadlandet, og på kvelden var det møte med brukarane. Her fekk ein informasjon om ny landbruks- og naturforvaltning i Stad kommune

Tidlegare Selje kommune og Bryggja er nye område for landbrukskontoret. Difor vart det det arrangert ein «bli-kjent dag», fortel Kristian Nave.

No har Stad kommune inngått avtale med Gloppen kommune om samarbeid på landbruksområdet. Gloppen er vertskommune og det meste av landbruksforvaltninga i Stad vil tilsette i Gloppen stå for. Nokre ressursar har Stad kommune sjølv.

Samarbeidsavtalen omfattar alle saker innan landbruk, skogbruk, viltforvaltning, naturforvaltning og miljø. Alle tilskotsordningar og forvaltning av lovverk. Det er fem personar som jobbar med slike saker i Gloppen og tre i Stad.

Presentasjon

På møtet blei det presentasjon av avtalen og korleis ein ser føre seg at det skal fungere, kontakt med brukarane, kontorplassar, hjelp med søknader med meir. Det var også presentasjon av dei tilsette i Gloppen og Stad, og kva for saker dei arbeider med. Det var goså litt fagleg om tilskotordningane.

- Det var godt oppmøte og god stemning for den nye ordninga, opplyser Nave.