Attvald som leiar

Ole Martini held fram som leiar i Vestland Unge Venstre.

Vestland Unge Venstre hadde årsmøte nyleg. Pressefoto 

Ole Martini (20) frå Stad kommune vart attvald som leiar. Pressefoto 

Nyhende


På årsmøtet i Vestland Unge Venstre den 11. januar blei Ole Martini (20) frå Stad kommune attvald som leiar.

–Eg er utroleg takknemleg for den tilliten eg har fått og gler meg til å fortsette arbeidet i Vestland Unge Venstre. Det komande året blir det viktig å synleggjere politikken vår og sørge for at Venstre går i ei endå meir grøn og liberal retning.

Martini er vara til utval for kultur, idrett, samfunn og næring for Venstre i Stad kommune, samt styremedlem i Venstres fylkeslag.

–Dette blir eit svært spennande år for Venstre. Til våren skal Venstre vedta eit nytt prinsipprogram, og mitt håp er at partiet tar eit tydeleg ja-standpunkt til norsk medlemskap i EU.

–I tillegg håpar eg at vi får ei fornying i partileiinga på det komande landsmøtet, legg Martini til.


Styret i Vestland Unge Venstre 2020-2021:

Styreleiar: Ole Martini, Stad

Første nestleiar: Marius Hellan Hindenes, Alver

Andre nestleiar: Dina Bovim, Kinn

Styremedlem: Ole Magnus Njåstad Nynes, Askøy

Styremedlem: Elias Slåtten, Sunnfjord

Styremedlem: Ivar Brakstad, Alver

Styremedlem: Bendik Frammarsvik Larsen, Kinn