Svært høg sjøvasstand - oransje farenivå

På Vestlandet sør for Stad blir det venta sjøvasstand opp mot 80 cm over normalen. Særleg på nattetid natt til onsdag og onsdag ettermiddag er det venta høg vasstand.

På Vestlandet er det venta sjøvasstand opp mot 80 cm over normalen natt til onsdag og onsdag ettermiddag.   Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

Meteorologisk Institutt melder på si side om svært høg vasstand på strekninga Frøya til Svenskegrensa onsdag. Vasstanden er venta å være høgast natt til onsdag for Stad og sørover. På Vestlandet er det også venta at vasstanden vil vere svært høg onsdag ettermiddag.

Bakgrunnen er astronomisk tidevatn i kombinasjon med vêrets verknad. Vêrsituasjonen er prega av eit kraftig lågtrykk som ligg søraust for Island. Dette set opp eit sør- og sørvestleg vindfelt som gjev eit signifikant bidrag til vasstanden. I denne sørvestlege luftstraumen er det venta at eit mindre lågtrykk vil danne seg og bevege seg inn mot Rogaland seint tysdag kveld og natt til onsdag. Det er usikkerheit i utviklinga og banen til dette  lågtrykket, og dette kan føre til at vasstanden kan bli enda høgare i Rogaland og Agder.

Oransje nivå er det nest høgaste farenivået for vasstand.

Fullmånen får skulda

På Vestlandet sør for Stad blir det venta vasstand opp mot 80 cm over normalen. Særleg på nattetid natt til onsdag og onsdag ettermiddag er det venta høg vasstand. I Møre og Romsdal blir det venta vasstand opp mot 75 centimeter over normalen. Vasstanden vil truleg vere på det høgaste mellom klokka 13 og 15 onsdag.

At fullmånen har vore uvanleg nær jordkloden, får mykje av skulda for flaumen. Dessutan kjem eit kraftig lågtrykk inn mot kysten, noko som tradisjonelt gir litt høgare vasstand, seier statsmeteorolog Haukeland til Dagbladet.

Meteorologane har sendt ut oransje farevarsel for område langs kysten i heile delar av Sør-Noreg. Oransje nivå er det nest høgaste farenivået for vasstand, noko som betyr at det er ein alvorleg situasjon, og at ein må vere førebudd, opplyser Martin Granerød ved Meteorologisk institutt til NRK.