Kjeller’n i Eidsgata

Populær samlingsstad for ungdommar

Kjeller’n hos familien Adelsten Engebretsen har blitt ein populær samlingsstad for ein del ungdommar på Nordfjordeid.

SOSIAL MØTEPLASS: Dei hadde ikkje nokon stad å samlast. Lokalet her stod tomt. Frå venstre: Tobias Indrebø (14), Daniel Hildenes (15), Torgrim Ariansen (14), Tobias Myklebust (14), Julian Adelsten Engebretsen (14), Joakim Hunvik (14) og Casper Sekkingstad (14). 

Nyhende

I mangel på ungdomsklubb eller andre møteplassar for uorganisert ungdom i Eid, har Berit og Inge Adelsten Engebretsen opna dørene og let sonen Julian (14) og skulekameratar bruke kjellaren i huset dei bur i i Eidsgata som samlingsstad etter skuletid.