For første gang har Alti Nordfjord gått forbi Ørsta-senteret

No har kjøpesenteret på Nordfjordeid større omsetning og meir besøkande enn Alti Ørsta.
Nyhende

Alti Nordfjord har dermed gått forbi Ørsta-senteret. På Nordfjordeid hadde ein i fjor ei rekordomsetning på 383 millionar kroner, 7,5 millionar meir enn året før. Her hadde ein også eit besøkstal på 1,3 millionar innom dørene.