Det er positivt at ungdommen samlast

Fjordabladet har spurt politikontakt i Stad kommune, Hanne Heggen om ho er bekymra for kva som går føre seg i Kjeller’n.

BRA TILTAK: – Kjeller’n er i utgangspunktet eit bra tiltak, men det er opptil Berit og dei andre foreldra å følgje med sine ungdommar. Det bør ikkje vere så vanskeleg å setje seg i bilen og stikke ein tur innom, meiner politikontakt Politiet, Hanne Heggen. Arkivfoto: Olin Maria Yri 

Nyhende

–Vi har ingen konkrete haldepunkt for at det skjer noko ulovleg i Kjeller’n. At ungdommen samlast og er sosiale er i utgangspunktet positivt. Det er frykteleg mange som sit heime på rommet sitt og glor på ein skjerm. Ein må ikkje bli hysteriske om dei ikkje sit heime. Generelt sett er ungdommen meir lovlydige enn før.