Nytt Apotek-utsal

Etter det Fjordabladet erfarer tek det nyleg stifta selskapet, Nordfjordeid Apotek AS sikte på å starte apotekutsal på Myklebust/Stokkenes. Utsalet blir ein del av Apotek 1-kjeden.

Apotek: Apotek 1 planlegg å opne apotek i dette området. 

Nyhende

Nordfjordeid Apotek AS har teikna leigeavtale med utbyggar Retail Eiendom AS. Det mogeleg nye apotekutsalet vil bli lokalisert til same område som Rema 1000 og Europris har etablert nye utsal. Fjordabladet har vore i kontakt med både prosjektleiar for etableringa på Nordfjord, Khanh Q Huynh i Apotek 1, og Magdalena Bacia, oppført som dagleg leiar i Nordfjordeid Apotek AS. Begge stadfestar opplysningane avisa sit med, men begge seier at det er for tidleg å kommentere ei mogleg etablering på det noverande tidspunkt.