Norske cruisehamner ikkje samstemte i miljøkrav

Nordfjordeid har signert, Olden ventar

(NPK): I fjor signerte mange av dei største og viktigaste cruisehamnene ei erklæring om strengare miljøkrav til cruisenæringa. Nordfjordeid signerte erklæringa, Olden ventar med sin signatur fordi dei er usikre på finansiering av landstraum.

Signert: 14 norske cruisehamner har signert erklæringa på strengare miljøkrav til cruisenæringa. Nordfjordeid (biletet), saman med Geiranger og Flåm, har signert. Olden har ikkje signert, men ordføraren i Stryn forsikrar på si side at kommunen er opptekne av miljøet sjølv om dei ikkje har skrive under på dei felles miljøkrava. Foto: Tormod Flatebø 

Målet er å få eit landstraumanlegg på plass i Olden, men vi veit ikkje om vi greier det

Nyhende

Håpet var at fleire cruisehamner skulle slutta seg til, men over halvparten av cruisehamnene har framleis ikkje skrive under.

14 ja - 23 nei

Medan 14 cruisehamner har godkjent og stilt seg bak den såkalla Viljeserklæringa med fjorten miljøkrav til cruisenæringa, har 23 cruisehamner ikkje gjort det same, fortel NRK.

Nordfjordeid

Cruisehamner som Geiranger, Flåm og Nordfjordeid er blant dei fjorten hamnene som har signert erklæringa, medan Olden er ei av dei 23 cruisehamnene som ikkje har gjort det. Ordførar Per Kjøllesdal (Sp) strekar likevel under at det ikkje er fordi dei er imot strengare miljøkrav, men fordi kommunen er usikker på om dei greier å finansiera eit landstraumanlegg innan fem år, slik erklæringa legg opp til.

– Målet er å få eit landstraumanlegg på plass i Olden, men vi veit ikkje om vi greier det, seier Kjøllesdal.

Utan miljøkrav?

Fleire politikarar NRK har snakka med reagerer på at over halvparten av cruisehamnene ikkje har slutta seg til dei skjerpa miljøkrava. Kritikarane fryktar mellom anna at dette kan føra til at cruisenæringa vel hamner utan miljøkrav og at forureininga berre blir flytta.

Oppteken av miljø

Ordføraren i Olden forsikrar på si side at kommunen er opptekne av miljøet sjølv om dei ikkje har skrive under på dei felles miljøkrava. Han viser mellom anna til at fleire cruiseskip blei avviste frå Olden i fjor fordi dei forureina for mykje, og at kommunen er i ferd med å ferdigstilla ein eigen plan om cruiseturisme.