Stille helg for politiet

Ifølgje innsatsleiar Kurt Hammerø har det vore ei svært stille helg.

STILLE: Politiet har hatt lite å gjere denne helga.   Foto: Arkiv

Nyhende

– Denne helga har det vore veldig stille. Dei fleste utestadane har vore stengt, i alle fall på Eid. Det har ikkje skjedd andre ting som det er verdt å melde om heller, fortel innsatsleiar Kurt Hammerø.

– Vi har ingenting å melde om, legg han til.

Laurdag var det sende ut gult varsel for mykje nedbør, raudt varsel for snøskredfare og gult varsel for jordskredfare. Heller ikkje her har det skjedd noko rundt om i Nordfjord.

– Vinden vart ikkje så sterk som frykta, seier Hammerø.