Uvêr på Vestlandet

Desse vegane er stengde

Det er venta mykje vind og nedbør laurdag, og uvêret påverkar trafikken i store deler av fylket.

UVÊR: Laurdag er store deler av Vestlandet påverka av mykje regn og vind.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Det er venta mykje nedbør i form av regn laurdag og det er difor sende ut gult varsel for mykje nedbør, raudt varsel for snøskredfare og gult varsel for jordskredfare i kommunen og Nordfjord.


Raudt og gult varsel:

Venta mykje regn og vind

Laurdag er det venta mykje nedbør i form av regn, og det er sende ut fleire farevarsel grunna dette.


Allereie før klokka 12 er fleire fjellovergangar stengde, ifølgje Statens vegvesen.

  • Strynefjellet er stengt og det er venta ny vurdering klokka 17:00.
  • Vikafjellet er stengt og vert ikkje opna i dag. Det er venta ny vurdering søndag morgon klokka 10:00.
  • Hemsedalsfjellet er ope, men det er snø og isdekke og nokre stadar redusert sikt.
  • Filefjell er også ope, men med snø og isdekke.
  • Hol – Aurland innførte ei periode kolonnekøyring, men vegen opna rett før klokka 14:00.
  • Tyin – Årdal er ope, men med snø og isdekke og nokre stadar redusert sikt.

I tillegg til stengde vegar har uvêret også påverka ferjene laurdag. Ifølgje Fjord1 vart Oldeide – Måløy til Husevågøy laurdags morgon innstilt grunna vêret men var i normal drift igjen frå klokka 10:40.