Raudt og gult varsel:

Venta mykje regn og vind

Laurdag er det venta mykje nedbør i form av regn, og det er sende ut fleire farevarsel grunna dette.

NYTT LÅGTRYKK PÅ VEG: Frå natt til laurdag er det venta mykje nedbør og storm.   Foto: Arkiv

Nyhende

Natt til laurdag og fram til laurdag ettermiddag og kveld er det venta 50 til 70 mm nedbør lokalt på Vestlandet sør for Stad. Det er difor sende ut gult varsel for mykje nedbør melde Yr.

Det er fare for overvatn i tettbygde område, og det er i tillegg fare for at vegar kan bli stengde og overvatn ved bekke- og elveløp. Nokre reiser kan få lenger reisetid, og det kan vere vanskelege lokale køyreforhold. Fjellovergangar står i fare for å bli stengde eller innføre kolonnekøyring.

Behov for beredskap vert vurdert fortløpande av beredskapsaktørar.

I tillegg er det venta ny storm på Vestlandet natt til laurdag ifølgje Meteorologane frå Meteorologisk institutt på Twitter. Vinden ser ut til å bli mindre kraftig utover ettermiddagen laurdag.

Raudt varsel

I tillegg til gult varsel for nedbør er det også sende ut raudt varsel for snøskred som følgje av mykje nedbør i Indre Fjordane laurdag. Ifølgje Yr er det ekstrem fare for snøskred i dette området. Det er fare for naturleg utløyste våte flakskred, og Varsom.no oppmodar difor alle å unngå bratt terreng, terreng som er brattare enn 30 grader og utløpssoner for skred.

I fjellet ser det ut til at fokksnø vert det største skredproblemet.

Ifølgje Varsom.no kan skreda bli store og nå heilt ned til skredutsette vegar og busette område.

Skredhendingar

I Vestland fylke og Rogaland er det sende ut gult varsel for jordskredfare. Også dette er grunna mykje nedbør og stor snøsmelting som er venta i løpet av laurdag. Det er med det venta skredhendingar, men det kan kome enkelte store hendingar ifølgje Varsom.no.

Varsom.no melde at dette er ein utfordrande situasjon som kan føre til lokale skader.